– I Noreg stiller me opp for kvarandre i tøffe tider. Straumstøtta er god og hjelper dei som treng det, og regjeringa har varsla at straumstøtteordninga skal forlengast ut heile 2024, seier olje- og energiminister Terje Aasland, i en melding fra regjeringen.

Den største summen vart utbetalt i desember månad, med om lag 8,5 milliardar kroner. Frå januar til november vart det totalt utbetalt om lag 24,1 milliardar kroner. Det var månadene juli, august og september som gjennomsnittleg hadde dei høgaste straumprisane i 2022. For juli månad vart det utbetalt 1,5 milliardar kroner i straumstøtte, i august 3,65 milliardar kroner, og i september 4,55 milliardar kroner.

Hushald som bur i det sørlege Noreg har fått utbetalt straumstøtte kvar månad i 2022. I desember fekk heile landet utbetalt straumstøtte som følgje av høgare straumprisar også i Midt- og Nord-Noreg.

Sidan enkelte nettselskap ikkje fakturerer kundane kvar månad, er det først nokre månader på etterskot me veit kor mykje straumstøtte som har blitt utbetalt i enkeltmånader.

For 2023 er straumstøtteordninga, slik den er utforma i dag, anslått å koste 44,7 milliardar kroner. Det betyr at dei samla utgiftene til straumstøtte i 2022 og 2023 kan kome opp i meir enn 70 milliardar kroner.

Eksempel

Det var straumkundar i Sørvest-Noreg som opplevde dei høgaste straumprisane i fjor.

Frå januar til og med desember 2022 vil eit hushald i Sørvest-Noreg med eit gjennomsnittleg årleg forbruk på 20 000 kWh få dekka om lag 26 000 kroner av straumrekninga.

Frå januar til og med desember 2022 vil eit hushald som bur i leilegheit med eit gjennomsnittleg årleg forbruk på 11 000 kWh få dekka rett i underkant av 15 000 kroner av straumrekninga.

I begge eksempla vil hushalda få dekka om lag 43 prosent av den totale straumrekninga.