Dette melder Husbanken.

Tilskotet blir berekna frå normerte verdiar

Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Maksimalt tilskot per prosjekt er fem millionar kroner.

- Det er mogleg å søke om tilskot til fleire prosjekt. På husbaken.no finst ein kalkulator som kan brukast til å utforske kor mykje kommunen kan få i tilskot til planlagde tiltak, seier seniorrådgjevar Anne Camilla Vaalund frå Husbanken.

Førstemann til mølla

Det er ingen søknadsfrist for tilskotet. - Husbanken behandlar søknadene fortløpande så langt tilskotsmidla rekk. Når heile tilskotsramma er disponert, vil resterande søknader i 2023 bli avslått, seier Vaalund.

Prosjekt som fekk avslag frå ENOVA i 2022 kan søke på nytt til Husbanken.

Tiltak må ferdigstillast innan 1. desember 2023

Husbanken utbetaler tilskotet når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Siste frist for å ferdigstille tiltak og søke om utbetaling av tildelt tilskot er 1. desember.

Her finn du detaljert informasjon om tilskotsordninga og lenke til søknadsløysinga:

Tilskot til energitiltak i kommunale bustadar